Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 søker maskinsjef til sambandet Isane-Stårheim. Stillingen innebærer døgnskift med veksling: 2 veker på, 1 veke av, 2 veker på, 3 veker av. Du får ei viktig rolle i vedlikehald av teknisk utstyr og system om bord.
Arbeidet inkluderer AMOS-basert vedlikehald og å sikre at tryggleiksstyringssystemet følgjer ISM-koden, med fokus på energieffektiv og sikker drift av fartøyet i samsvar med ISO 50001. Søkar bør bu innan ein time frå sambandet; Fjord1 tilbyr konkurransedyktige vilkår, og gode
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef på sambandet Isane-Stårheim.
Turnus: Døgnskift med 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av. Ein fleksibel og familievennleg turnus. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Frå 2027 kjem ei nyare ferge inn, og sambandet går over på elektrisk drift. Du får dermed moglegheita til å vere med på ein spennande overgangsfase.
Søkar bør bu innan ein time frå sambandet.
Søknadsfrist:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.