A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 - Maritim Drift søkjer ein påliteleg matros til fast turnus i eit variert arbeid om bord. Stillinga omfattar bruvakt, billettering og oppgåver i samband med dekk og maskin, med krav om tryggleik og god samarbeidsevne.
Fast lønn og 98 timars arbeidsveke vert nytta, med billettutfordringar, og vintermånader dekker reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når avstand >15 km. Oppstart gjerne snarast.
Ser du etter ein jobb med ansvar, variasjon og gode friperiodar?
Som matros i denne stillinga får du arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta p.t i sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året vil du vere knytt til reserveferja, p.t. MF Sogn, med base på Steinestø ferjekai, om lag 25 minutt nord for Bergen. Her vil du bidra til å halde fartøyet driftsklart og seile ut på samband der det er behov for ekstra kapasitet, avløysing eller støtte i samband med planlagde verkstadsopphald.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og ein 98-timars arbeidsveke.
I vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.
Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.
Benedicte Ellingsen,Rekrutteringsmedarbeider,47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Fv269 5108
5108 Bergen
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5209902789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.