Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Eide Fjordbruk i Vestland søkjer skipsfører som kan ta ansvar for fartøy, mannskap og sikker drift i tråd med gjeldande regelverk.
Stillinga går med 14 dagar på arbeid og 14 dagar friperiode, og arbeid skjer om bord på båten i arbeidsperiodane. Vi vektlegg HMS-kultur, tryggleik og godt arbeidsmiljø.
Du må ha fagbrev eller relevant utdanning, gyldige sertifikat og gode samarbeidsevner. Søkjarar med erfaring frå sjø er velkomne.
For å nå vår visjon vår om å setje standarden for framtidas havbruk, er me avhengige av dyktige kollegaer om bord på fartøya våre. Me søkjer deg som er motivert for å bidra i eit innovativt og framtidsretta miljø, der kvalitet står i sentrum i alle ledd.
Om stillinga:
Som skipsfører har du ansvaret for fartøyet, mannskap og sikker drift til ei kvar tid. Rolla innebærer planlegging, koordinering og gjennomføring av operasjonar i tråd med gjeldande regelverk og interne prosedyrar. En sentral del av ansvaret er å ivareta og videreutvikle ein sterk HMS-kultur om bord, samt sikre trygge og gode arbeidsforhold for mannskapet.
Stillinga går i gjeldande turnusordning med 14 dagar på arbeid, med påfølgande 14 dagar friperiode. Fartsområdet vil vera i heile Vestland fylke. Stillinga inneber at ein bur om bord på båten i arbeidsperiodane.
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
Uredd. Me tør å satse på visjonar og på folk.
Nytenkjande. Me utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
Ønskte kvalifikasjonar og eigenskapar
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som skipsførar hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Driftsleiar, Lars-Thomas Unneland Larsen: lars-thomas.unneland.larsen@efb.no / 976 62 132
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Me gler oss til å høyre frå deg.