Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fjord1 søkjer ein skipsførar til MF Storfjord som trafikkerer Leirvåg–Sløvåg. Stillinga krev døgnskift med tre veker arbeid og tre veker fri, medan avreisestad er Leirvåg/Sløvåg. Fjord1 dekkjer reisekostnader over 30 km til arbeidsstad. Prosessen vektlegg trygg, effektiv drift og eit godt kollegiamiljø.
Tilsetjing krev minimum D3-sertifikat, GMDSS/ROC og nødvendige kurs, samt solid leiar- og situasjonsforståing. Oppstart ønskes snarast. Flight og rekruttering benyttes ved behov.
Vi søkjer no ein skipsførar til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri ett døgn i ein periode på tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri.Fjord1 dekker reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad. Dette gjelder ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag.
Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Stillinga inneber stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke drifta i det daglege. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.
I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Ønskjeleg med snarleg oppstart.Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Benedicte Ellingsen,Rekrutteringsmedarbeider,47887896,benedicte.ellingsen@fjord1.no
Fv57
5953Fonnes
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5188978979
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2026