An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Kvam Herad søkjer vernepleiar eller sjukepleiar til eit 80% vikariat i Norheimsund. Stillinga er i turnus med langvakter kvar 4. helg. Toloheimen langtidsavdeling for menneske med demenssjukdom ligg i Norheimsund og har 16 sengeplassar.
Viss eit stabilt, kompetent team er viktig, er du velkommen til å søke. Nyutdanna blir oppmoda til å søkja. Ved tilsetjing krev me politiattest utan merknader og at du lastar opp vitnemål og attestasjonar saman med søknaden via Webcruiter.
Toloheimen langtidsavdeling for menneske med demenssjukdom er lokalisert i Norheimsund, har 16 langtidplassar og er delt inn i to arbeidsgruppergrupper med 8 pasienter i kvar gruppe. Personalgruppa vår er stabil og rik på kompetanse som legg stor vekt på å skapa ein roleg og fin atmosfære for bebuarane hjå oss.
Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett hos oss
Vil du vite meir om oss les her: Toloheimen langtidsavdeling
Kvalifikasjonar
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.