Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Kvam herad søker vernepleiar eller sjukepleiar til eit 80% vikariat ved Toloheimen langtidsavdeling for personar med demens i Norheimsund. Stillinga er i turnus med langvakter kvar 4. helg og opnar snarast etter avtale.
Arbeidsoppgåver inkluderer pasientoppfølging, medisinske prosedyrar, koordinering av pleieplanar, oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring, samt miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel. Krav om norsk autorisasjon og gode kommunikasjonsevner vert vektlagt.
I langtidsavdeling for personar med demens ser me etter deg som brenn for demensomsorg, miljøterapi og som er god på kommunikasjon.
Toloheimen langtidsavdeling for menneske med demenssjukdom er lokalisert i Norheimsund, har16 langtidplassar og er delt inn i to arbeidsgruppergrupper med 8 pasienter i kvar gruppe. Personalgruppa vår er stabil og rik på kompetanse som legg stor vekt på å skapa ein roleg og fin atmosfære for bebuarane hjå oss.
Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett hos oss
Vil du vite meir om oss les her: Toloheimen langtidsavdeling
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest uten merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.