Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Gloppen kommune i Sandane søker etter sjukepleiar/vernepleiar i 100% vikariat frå no til 13.09.2027. Vi har tre avdelingar og fokus på miljøarbeid, tilpassa aktivitetar og tett samarbeid med pårørande.
Arbeidsoppgåvene inkluderer daglege gjeremål, legemiddelhandtering, dokumentasjon, tverrfagleg samarbeid og rettleiing av studentar. Vi tilbyr varierte arbeidskvardagar, godt arbeidsmiljø og moglegheit for fast tilsetting eller vidareutvikling.
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.
Vi søkjer etter einengasjert og dyktig sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen. Det er åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane.
Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg.
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjar og prosedyre.Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar:
Vi søkjer etter deg som
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.
Marion Bolstad Fløtre,Konstituert avdelingsleiar,+47 94989709
Eva Skrivervik-Alme,Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta,+47 48894818
Grandavegen 9
6823Sandane
Konstituert avdelingsleiar
Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og flere langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.