Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Gloppen kommune i Sandane søkjer helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar til 100% fast stilling til avdeling for miljøarbeidartenesta. Stillinga inneber oppfølging av brukarar med behov, pleie og helseoppfølging, samt tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid.
Tilsettinga skjer i eit tverrfagleg miljø med vernepleiarar, sjukepleiarar og fagarbeidarar. Krav om norsk framstillingsevne og helseverkemiddelkompetanse, samt politiattest. Turnus og tillegg for langvakter vert tilbydd.
Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?
Vi har ledig 100 % fast stilling, der 10 % av stillinga er frie timar, for helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar med erfaring frå målgruppa. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.
Tilredning 01.11.26 eller etter avtale.
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Ønska kompetanse og erfaring:
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad. Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tilsetting. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
Julie Kristin Lothe,Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta,479 93 050,julie.lothe@gloppen.kommune.no
Kristine Eide Ryssdal,Tenesteleiar miljøarbeidertenesta,911 39 159,kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no
Grandavegen 9
6823Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5181582683
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026