Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Gloppen kommune søker vernepleiar eller sjukepleiar til Miljøarbeidartenesta i avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen) som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.
Du blir del av eit tverrfagleg fagmiljø med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og andre som samarbeider for tenester av høg fagleg kvalitet. Stillinga er 100% fast, med turnus og helgeordningar som gir lange friperiodar.
Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?
Vi har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar eller sjukepleiar. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Som vernepleiar eller sjukepleiar vil du arbeide tett på brukarane, samstundes som du har eit særleg ansvar for helseoppfølging, legemiddelhandtering og fagleg oppfølging av tenestene. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt med oss!
Tilredning 01.11.26 eller etter avtale.
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Ønska kompetanse og erfaring:
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Julie Kristin Lothe,Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta,479 93 050, julie.lothe@gloppen.kommune.no
Kristine Eide Ryssdal,Tenesteleiar miljøarbeidertenesta,+47 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no
Grandavegen 9
6823Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5181581701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026