A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Gloppen kommune i Sandane søker helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar for tilknyting til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3. Stillinga er 100% med 10% frie timar og vil omfatte oppfølging, pleie og miljøtilrettelegging i heim og institusjon.
Du bør ha autorisasjon eller relevant erfaring, god norsk og basis digitale ferdigheiter. Prøvetid og politiattest vert vektlagt i tilsettingen.
Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?
Vi har ledig 100 % fast stilling, der 10 % av stillinga er frie timar, for helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar med erfaring frå målgruppa. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.
Tilredning 01.11.26 eller etter avtale.
Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:
Ønska kompetanse og erfaring:
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tilsetting. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
Julie Kristin Lothe,Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta,479 93 050, julie.lothe@gloppen.kommune.no
Kristine Eide Ryssdal,Tenesteleiar miljøarbeidertenesta,911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no
Grandavegen 9
6823Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5181582683
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.