Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Vindafjord kommune søker sjukepleiar/vernepleiar til Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter. Du vil vere med på kartlegging, oppfølging, pleieplaner og samarbeid med familie og lege.
Stillinga krev autorisasjon, og vidareutdanning på minst 60 studiepoeng kan gi spesialsjukepleiar-tillegg. Det blir støtte og opplæring for å kome godt i gang, samt gode kollegaer og eit trygt arbeidsmiljø.
Sjukepleiar/ vernepleiar til Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 15 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 32 plassar. Ølen omsorgssenter har 15 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdelinga. Begge hus har natt der du enten arbeidar inne på ein avdeling eller ute i nattpatruljen.
Me har årsturnus med høg involvering av deg som tilsett og ønskjer du kan legge inn :) Du kan ønskje deg rein langvaktsturnus, kombinera langvakter på helg med ordinære i vekene eller rett og slett kun ordinære vakter.
Me har kort veg til dine idear og innspel for å gi betre dagar for bebuarane men og for betre samhandling i miljøet og med kollegaer.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Andre opplysningar:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.