Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Vossestrand Omsorgstun ynskjer å tilpasse seg framtida si helseteneste og søkjer sjukepleiar til varierte oppgåver ved Vossestrand Omsorgstun i Oppheim, nær Voss sentrum. Du blir del av eit fagmiljø med fokus på kvalitet og tverrfagleg samarbeid.
Vi tilbyr oppgåver med fagleg utvikling, høg trivsel, og fleksible turnusar med moglegheit for arbeid kvar 4. helg og langvakter. Rekrutteringstillegg på 30 000 kr ved tilsetjing vert gitt.
Vossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid.
Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.
Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet,som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfaglegsamarbeid.
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte ogkunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel.Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Vossestrand Omsorgstun litt vakkert plassert ved vatnet på Oppheim, omlag 20 minutt frå Voss Sentrum. Her får du som sjukepleiar arbeide i sjukeheim, men og i heimetesta då me arbeider på tvers.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.