Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Herøy kommune søker sjukepleier/vernepleiar til ein fast 80% stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Seksjonen er for menneske med demens og har 16 pasientar; todelt turnus og to av seks helger. Arbeidsoppgåver inkluderer pleie, dokumentasjon og miljøterapeutisk arbeid.
Kvalifikasjonar inkluderer norsk autorisasjon og erfaring innan demensomsorg, med kunnskap i IKT og Gerica. God norsk språkføring og god samarbeidsevne blir vektlagt.
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå.
Vi søker etter ein sjukepleiar/vernepleiar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og trygghet. Vi har fokus på individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå.
Vi søker etter ein sjukepleiar/vernepleiar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har fokus på individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Seksjonsleiar
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !