An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Herøy kommune søker sjukepleiar/vernepleiar til ein fast 80% stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Stillinga krev ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggleik samt personsentrert omsorg.
Arbeidet omfattar medisinhåndtering, tiltaksplanar, dokumentasjon og samarbeid med pårørande, i eit miljø som fokuserer på individet. Tilsetting skjer etter gjeldande tariffavtale; søknadsfrist 16.09.2026.
Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå.
Vi søker etter ein sjukepleiar/vernepleiar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har fokus på individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar.
Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Sissel Reite,Seksjonsleiar,+47 99210028
Sjukeheimsvegen 5C
6092Fosnavåg
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5170754380
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026