Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Herøy kommune søker ein fagleg engasjert sjukepleiarkoordinator som skal bidra til heilskaplege pasientforløp i heimetenesta i Herøy. Stillinga er organisert dagtid med noko helgearbeid, oppstart 01.11.26.
Du vil kartleggje behov, koordinere tenestene og vere ein pådrivar i fagleg utvikling, samhandling med fastlege, og bidra til gode løysingar for pasientane i vår heimeteneste.
Vi søkjer deg som er fagleg engasjert, løysingsorientert og ønskjer å vere med på å utvikle framtidas heimeteneste i Herøy. Stillinga er ledig frå 01.11.26
Som fagkoordinator vil du ha ei sentral rolle i å kartleggje og vurdere pasientane sine behov, sikre god koordinering av tenestene og bidra til at vi gir rett hjelp til rett tid. Du vil vere ein viktig pådrivar i det faglege arbeidet, og vere med på å vidareutvikle organiseringa av heimetenesta gjennom våre helse- og meistringsteam. Vi ønskjer ein medarbeidar som ser moglegheiter, tek ansvar og bidreg til kontinuerleg forbetring og tenester av høg kvalitet til pasientane våre. Hos oss får du faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og moglegheita til å vere med og påverke utviklinga av tenestene. Stillinga er i hovudsakleg organisert på dagtid med arbeid 2 av 6 helgar.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Maria Kristin Kvalsvik,Seksjonsleiar,+47 99210059
Sjukeheimsvegen 5
6092FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5163516186
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.09.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !