Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Herøy kommune søker ein engasjert helsefagarbeidar til frå 30.11.2026 med 80 % stilling ved Herøy omsorgssenter, langtidsavdeling. Stillinga inneheld langvakter i turnus og eit tett samarbeid i tverrfagleg team.
Du vil være ansvarleg for individtilpassa pleie og dokumentasjon, og du bidreg til utvikling av tenesta og god pasientforløp i heile kommunen.
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter langtidsavdeling
Ynskjer du å bidra til å fremje tryggleik for personar i omsorgssenter? Vi søkjer etter ein engasjert helsefagarbeidar i 80 % fast stilling til Herøy omsorgssenter, langtidsavdeling. Stillinga har for tida langvakter på 12,5 timar i turnus kvar 4.helg oger organisert i tredelt turnus.
Frå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon. Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre. Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.
Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.
Stillingane er ledig frå 30. november 2026, med moglegheit til tidlegare oppstart dersom ønskeleg.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden

Herøy omsorgssenter og er lokalisert på Eggesbønes og består for tida av tre seksjonar:
Frå 30. november 2026 vert seksjon raud og seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter slått saman til éin felles seksjon. Den nye seksjonen vil bestå av 30 langtidsplassar og skal sikre ei heilskapleg, fagleg sterk og berekraftig drift av tenestene til bebuarane våre. Samanslåinga er ein del av arbeidet med å vidareutvikle omsorgstenestene i Herøy kommune. Målet er å styrkje fagmiljøet, skape større fleksibilitet i bemanninga og sikre god kvalitet og kontinuitet i tenestene til bebuarane.
Den nye seksjonen vil ha ansvar for:
Vi ser fram til å samle kompetanse og erfaring frå begge seksjonane for å vidareutvikle eit godt og framtidsretta omsorgstilbod ved Herøy omsorgssenter.
Stillingane er ledig frå 30. november 2026, med moglegheit til tidlegare oppstart dersom ønskeleg.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest for alle som arbeider i den kommunale helse- og omsorgstenesta (jamfør helse- og omsorgstenestelova § 5-4). Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Cecilie Tarberg,Seksjonsleiar,+47 97020582
Sjukeheimsvegen 5A
6092Fosnavåg
Seksjonsleiar
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !