Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund utlyser ei 100% fast stilling i korttids døgn rusbehandling ved TSB Ålesund. Stillinga er ledig frå 01.11.2026 og går i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg.
Ønska er vernepleiar eller sjukepleiar med kompetanse til medisinhandtering. Arbeidsoppgåver inkluderer koordinering og oppfølging av pasientar, deling i tverrfagleg team og miljøterapeutiske aktivitetar. Det vert lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø, internundervisning og vidareutdanning innan psykisk
Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vi har ledig ei 100% fast stilling for deg med 3-årig helsefaglig/sosialfagleg utdanning. Stillinga er ledig frå 01.11.2026. Stillingane er p.t. i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg. Vi ønske fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar inn i stillinga grunna behov for helsefagleg kompetanse, samt medisinutdeling i turnus. Det er og ønskelig med vidareutdanning innan psykisk helse, rus eller andre aktuelle fagfelt.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Linn Therese Reiakvam,Seksjonsleiar,70171337 , Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no
Vestmoa 27
6018Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5173661964
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2026
Vil du gjere ein forskjell?
Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket.
Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.
Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune.
I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling.
Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.
Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.
Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort.
Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste.
Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.
Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din.
Bli med på laget!
For meir informasjon om helseføretaket, sjå
Helse Møre og Romsdal