A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker sjukepleiar/vernepleiar til ei 100% fast stilling i TSB Ålesund. Stillinga inneber koordinering og individuell oppfølging av pasientar, deltaking i tverrfagleg team og miljøterapeutiske aktivitetar, samt medisinhandtering i turnus.
Vi søkjer ein person med minimum 3-årig helsefaglig/sosialfaglig utdanning, førarkort kl. B og gjerne vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Ein inkluderande arbeidsplass og godt arbeidsmiljø blir lagt vekt på.
Søk på stillinga (i ny fane)
Ønsker du å bli vår nye kollega?
Vi har ledig ei 100% fast stilling for deg med 3-årig helsefaglig/sosialfagleg utdanning. Stillinga er ledig frå 01.11.2026.
Stillingane er p.t. i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg. Vi ønske fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar inn i stillinga grunna behov for helsefagleg kompetanse, samt medisinutdeling i turnus. Det er og ønskelig med vidareutdanning innan psykisk helse, rus eller andre aktuelle fagfelt.
Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg behandling til rusavhengige. Korttids døgn har 18 plassar, i tillegg til 3 brukarstyrte senger. Vi tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg.
29.09.2026
Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar/Vernepleiar
1
Heiltid
Fast
100
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Noreg. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan også oppleve eit mangfald av fjordar, øyar og fjell som ventar på å begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Adresse: Vestmoa 27, 6018 Ålesund, Norge
Seksjonsleiar
Telefon: 70171337
E-post: Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal