Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Spesialisert habilitering Sunnmøre søker ein fagleg engasjert medarbeidar i 50 % stilling for å arbeide i eit fagleg sterkt tverrfagleg miljø.
Arbeidet består av utgreiing, oppfølging, rettleiing og kompetanseoverføring i poliklinisk og ambulant verksemd, med kontorstad i Ålesund.
Er du vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller ergoterapeut? Og kunne tenke deg å arbeide som fagkonsulent med oss? Du må du lese videre.
Ønskjer du å arbeide med habilitering i spesialisthelsetenesta?
Spesialisert habilitering Sunnmøre søkjer ein fagleg engasjert medarbeidar i 50 % stilling.
Vi ønskjer oss ein kollega med relevant fagkompetanse, god klinisk vurderingsevne og interesse for tverrfagleg samarbeid. Du bør trivast med komplekse problemstillingar, bidra aktivt i faglege drøftingar og vere oppteken av kunnskapsbasert praksis.
Hos oss får du arbeide med utgreiing, oppfølging, rettleiing og kompetanseoverføring i eit spesialisert og tverrfagleg fagmiljø. Arbeidet er variert og omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, i tett samarbeid med pasientar, pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar.
Spesialisert habilitering Sunnmøre tilbyr tverrfaglege spesialisthelsetenester til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Vi har ei heilskapleg tilnærming til habiliteringsarbeidet, der medisinske, psykologiske, pedagogiske og sosiale forhold blir sette i samanheng.
Seksjonen vår består av eit tverrfagleg team på 15 årsverk med brei kompetanse innan habiliteringsfeltet. Vi har eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus på kvalitet, fagutvikling, tverrfagleg samarbeid og kunnskapsdeling. Arbeidet går føre seg både poliklinisk og ambulant, med kontorstad i Ålesund.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal