Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Allmennpsykiatri Sunnmøre ved Ålesund Sykehus søkjer medarbeidarar som vil vidareutvikle sjukehuspsykiatrien i Sunnmøre. Du set kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane, og du bidreg med høg fagleg kvalitet og eit pasienttilbod med frivilje, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar og eit sterkt tverrfagleg team som planlegg og gjennomfører målretta pleie, miljøterapeutiske tiltak og vidareutvikling av
Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrringar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient.Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal