Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Sunnmøre Allmennpsykiatri i Ålesund er 70% stilling som helsefagarbeidar ved Sjukehuspsykiatrien. Du vil arbeide i eit tverrfagleg team som tilbyr ECT, medikamentell behandling og miljøterapi.
Fast stilling i 70% pro rata, med opplæring og utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø. Krav om norsk autorisasjon og erfaring i psykisk helse. Lokalitet i Ålesund, 70% stilling, søknadsfrist er 10.09.2026.
Vi søker deg som vil vere med på å videreutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrringar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient.Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ved Allmenpsykiatri Sunnmøre (tidl. Utgreiing og behandling), har vi fra d.d. ledig fast, 70% stilling som helsefagarbeidar med arbeid kvar 3. helg.
Andre stillingsprosentar kan verte ledige ved intern omrokkering.
Vi søker deg som vil vere med på å videreutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrringar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient.Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Siri Charlotte Johnsen,Seksjonsleiar,70106510,Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5167840150
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå
Helse Møre og Romsdal