Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus søkjer sjukepleiar/spesialsjukepleiar til 100% fast stilling. Vi søker ei engasjert sjukepleiar som kan bidra til trygg og kvalitetsretta pasientbehandling ved geriatrisk sengepost i eit moderne sjukehus i Førde.
Du må vere autorisert sjukepleiar med god norsk, og du vil arbeide i eit tverrfagleg team. Langvakter kan bli tilbydde, og vi legg vekt på utvikling og godt arbeidsmiljø ved vårt sjukehus.
Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus søkjer sjukepleiar/spesialsjukepleiar til 100% fast stilling.
Vi søkjer deg som har fagleg engasjement og ønskjer å bidra til trygg og kvalitetsretta pasientbehandling.
Medisinsk sengepost 1 har flytta inn i eit nytt og moderne sjukehus. Vi har nyre, diabetes og endokrinologi, geriatri og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og eit mangfald av kollegaer som du kan samarbeide, rådføre og støtte deg til. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Helse Førde satsar på geriatri som fagfelt og byggjer opp eit sterkt fagmiljø for å møte behova til innbyggarane. Geriatrisk sengepost har fem senger i Medisinsk sengepost 1 i 8. etasje. Geriatrisk poliklinikk er samlokalisert med vår etasje og ligg under medisinsk sengepost.
Som sjukepleiar ved geriatrisk sengepost vil du ha ansvar for heilskapleg og individuelt tilpassa sjukepleie til eldre pasientar med akutt sjukdom, funksjonssvikt og samansette helseutfordringar. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Søker med relevant erfaring vil bli prioritert. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk, både skriftleg og munnleg.
i ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.
Medisinsk sengepost ønskjer å legge til rette for langvakter for de som ønsker det. Langvakter gjeld berre i helgane.
Vi oppfordrar alle søkjarar til nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Magnus Jarl Midtvoll,Seksjonsleiar,(+47) 407 29 970
Svanehaugvegen 2
6812FØRDE
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5205973276
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026