A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Førde søker sjukepleiarar til føde-, barsel- og gynekologisk avdeling i Førde. Stillinga er 100% fast frå 04.01.2027, med tredelt turnus og mogeleg langvakter i helg. Ansvar inkluderer pleie, behandling og oppfølging av gynekologiske pasientar.
Avdelinga samarbeider tett med gynekologisk poliklinikk. Søknaden bør lastes opp via Vitnemålsportalen, med godkjent utdanning om relevant frå innvandring.
Føde,-barsel,-og gynekologisk avdeling har ledig to faste 100 % stillingar som sjukepleiar frå 04.01.2027
Ønskjer du faglege utfordringar og trivast i ein varierande, men til tider hektisk kvardag ? Då håpar vi du søkjer hos oss.
Om oss. Avdelinga er ein kombinert føde-, barsel- og gynekologisk sengepost. Hos oss arbeider jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar tett saman i eit godt og inkluderande tverrfagleg miljø.
Som sjukepleiar hos oss vil du i hovudsak ha ansvar for pleie, behandling og oppfølging av gynekologiske pasientar.Vi har eit tett samarbeid med gynekologisk poliklinikk.
Stillinga inneber tredelt turnus. Vi har også moglegheiter for langvakter på helg.
Ta gjerne kontakt for spørsmål om stillinga. Vi håpar å høyre frå deg og ønskjer deg velkomen som søkjar til vårt team!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Beathe Håkonsen,Einingsleiar,(+47) 578 39 588
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5151575250
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026