Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Førde sentralsjukehus i Norge søker seksjonsleiar ved Medisinsk sengepost 1. Stillinga krev ansvar for fag, personale og økonomi, og tett samarbeid med lege- og sekretærtenesta.
Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, vidareutdanning innan leiing eller erfaring som fagleiar, samt god IKT-kompetanse og evne til å leie i eit kontinuerleg utviklende miljø.
Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling som seksjonsleiar.
Vi søkjer deg som vil vere med å leie ein sengepost i kontinuerleg utvikling, der fagleg engasjement, kvalitetsforbetring og pasientbehandling står sentralt.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost 1 har nyresjukdommar, diabetes, endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri som spesialiserte fagfelt, og samarbeider tett med medisinsk sengepost 2 som i hovudsak har pasientar innan mage- og tarmsjukdommar, lungesjukdommar, lungekreft og utgreiing. Sengepost 1 driftar i tillegg geriatrisk poliklinikk tilknytta sengeposten.
Vi søkjer deg som vil vere med å leie ein sengepost i kontinuerleg utvikling, der fagleg engasjement, kvalitetsforbetring og pasientbehandling står sentralt.
Om stillinga
Seksjonsleiar har einskapleg ansvar for fag, økonomi og personal og har avdelingssjef som næraste overordna. Det er tett samarbeid med lege- og sekretærtenesta på posten samt med seksjonsleiar og tilsette ved Medisinsk sengepost 1.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar. Det er ein fordel medgod kjennskap til faglege og driftsmessige utfordringar i ein indremedisinsk sengepost, samt vidareutdanning innan helseleiing.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Laila Haugland,Avdelingssjef,481 01 340
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5203071178
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026