Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR ved Helse Møre og Romsdal HF søker ein sjukepleiar natt. Vi ønskjer ein fagleg trygg og engasjert medarbeidar som møter pasientar og kollegaer med respekt og profesjonalitet.
Seksjonen er tverrfagleg og arbeidet omfattar utgreiing og behandling av demens, APSD og depressive lidingar. Tilsette må vere roleg i utfordrande situasjon, ha evne til å be om støtte og bidra aktivt med refleksjonar.
Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar på natt med tilsetjing snarast. Spesialsjukepleiarar med relevant videreutdanning er òg velkomne til å søkje. Vil du vere med på laget vårt?
Ved seksjon for allmenn- og alderspsykiatri SNR søkjer vi ein fagleg trygg og engasjert sjukepleiar som møter pasientar og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet. Vi ønskjer ein medarbeidar som kjenner eigne styrkar og avgrensingar, som tek ansvar når situasjonen krev det, og som bidreg aktivt med faglege innspel og refleksjonar i samarbeid med kollegaene sine.
Arbeidet kan vere emosjonelt krevjande. Du vil møte menneske som ber med seg vanskelege livserfaringar og som strevar med konsekvensane av dette. Difor er det viktig at du er robust, trygg i rolla di og har evne til å be om støtte, rettleiing og fagleg påfyll når du treng det.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og hovudoppgåvene omfattar utgreiing og behandling av demens med åtferds- og psykiske symptom (APSD), alvorlege depressive lidingar, angstlidingar, alvorlege eteforstyrringar og andre alvorlege psykiske lidingar. Vi har tett samarbeid med andre seksjonar i føretaket, samt poliklinikken i seksjonen.
Døgnposten har ni sengeplassar, inkludert moglegheit for to intensivplassar. Seksjonen har ikkje akuttfunksjon. Innlegging skjer etter tilvising frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege, seksjon eller avdeling i helseføretaket. Vi tilbyr også rettleiing og støtte til samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Då håpar vi at du søkjer. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar på natt