Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste søkjer sjukepleiar til fast turnus med variert arbeid og oppgåver knytt til legevaktssatelliten. Arbeidet krev norsk autorisasjon og god kjennskap til legevaktssamarbeid, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.
Stillinga ligg i praksis i Balestrand sentrum, med krav om turnus og helgevakter, og eit sterkt fagmiljø vidt omkring i kommunen. Søkjarar bør vere løysingsfokuserte og engasjerte for eldreomsorg.
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!
Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten, ein sjukepleiar i 100% fast stilling i turnus, ledig frå d.d.
For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då 4. kvar helg.
Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs.
Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.

Arbeidsoppgåver:Sentrale ansvarsområde:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak fra offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837