Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sogndal kommune søkjer ein helse- og sosialfagleg bakgrunn til Helsetorget. Stillinga er eit 100 % vikariat under Tildelingskontoret, med oppstart snarast og fram til 31.9.27.
Du vil vera ein del av eit lag som møter innbyggjarane som treng helse- og omsorgstenester i kommunen. Arbeidsoppgåver inkluderer å ta imot innbyggarar, svara på telefonar og e-post, kartlegging av hjelpebehov, informere om søknadsprosess og tenestetilbod i kommunen, registrere søknader og opprette saker, samt bidra til
Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen.
Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27.
Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen.
Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27.
Me ser etter en positiv, målretta og strukturert person som trivst med å arbeide sjølvstendig og som handterer både uforutsigbare situsjonar og komplekse problemstillingar. Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på, og møter endringar med nysgjerrigheit og engasjement.
Du har god relasjonskompetanse, kommuniserer godt med kollegaer, andre tenester, brukarar og pårørande. Du evnar å sjå heilskapen, bidrar til tverrfagleg samarbeid og byggje gode relasjonar. Samstundes er du tolmodig, audmjuk og reflektert, og du tør å tenkje nytt når arbeidskvardagen krev det. Du har også god digital kompetanse og evne til å nytte digitale løysingar på en effektiv og brukarvenleg måte.
Stillingstype: 100 % vikariat
Arbeidsstad: Helsetorget, under Tildelingskontoret
Tilsetjingsperiode: snarast og fram til 31.9.27
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837