Vernepleiar/sjukepleiar

Sogndal kommune Psykisk helse og rus

Sogndal

On-site

NOK 480,000 - 560,000

Full time

7 days ago
Be an early applicant
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Lønn etter tariffavtale

Job summary

Sogndal kommune Psykisk helse og rus søkjer ein autorisert vernepleiar eller sjukepleiar til miljøterapeutiske oppgåver. Arbeidet omfattar både samtalar og praktisk bistand i kvardagsliv, og tilsette møter brukar med respekt og tydelige grenser.

Du vil vere ein del av eit lite, solid team, der fagleg kompetanse og god samarbeidsevne står i fokus. Det er også krav om legemiddelhandtering og dokumentasjon i tråd med rutinane.

Qualifications

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norsk kunnskapar.
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetjing.

Responsibilities

  • Ansvar for legemiddelhandtering etter kompetanse.
  • Målretta miljøarbeid og samtale ilag med brukar.
  • Praktisk bistand i daglege oppgåver, både i og utanfor heimen.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen og spesialisthelsetenesta.
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Rådgjeving og rettleiing i saman med kollegaer, studentar, brukarar og pårørande.

Skills

Autorisert vernepleiar
Sjukepleiar
Gode norsk kunnskapar

Education

Førarkort klasse B
Politiattest av nyare dato

Job description

Er du autorisert vernepleiar eller sjukepleiar?

Er du typen som ikkje er redd for å stille spørsmål, eller svare på dei?

Kan du samarbeida både med folk og datamaskiner?

Kan du halde hovudet kaldt når det stormar og arbeidsdagen ikkje vert slik som planlagt? Samstundes som du meistrar å hugse kvar du sat i frå deg kaffikoppen?

Då vil me gjerne at du søkjer jobb hjå oss!

Me kan tilby ein arbeidskvardag som sjeldan er lik dagen i går, og akkurat det er noko av det fine med denne jobben. Ikkje minst får du ein meiningsfull jobb, der du gjer ein forskjell og yter hjelp til personar med psykisk helse/rus utfordringar.

Om stillinga:

Hjå oss skal du møte menneskjer med respekt, varme og tydlege grenser. Både i og utanfor deira heim, då hovuddelen av stillinga omhandlar miljøterapeutiske oppgåver. Dette inneber både samtalar og praktisk bistand i daglege gjeremål. Du bør vera ein kreativ problemløysar når plan A ikkje lengre er eit alternativ. Tolmod er ofte nøkkelen til å opne døra, samstundes som du må tola at den kan gå i vranglås. Evna til å samarbeida og kommunisera både med kollega og tenestemottakarar er viktig, også når det er forventa at du på førehand skal vera tankelesar. Hjå oss får du bruka den faglege kompetansen din, mykje meir enn du rekk å nemne på intervjuet. Ein del av stillinga vil også omhandle ansvar for legemiddelhandtering på medisinrom.

Me ynskjer oss ein kollega som har humor, sjølv om datamaskina har låst seg. Som er engasjert og positiv til nye utfordringar, som har høg grad av sjølvstende, men samstundes trivst å jobbe i team. Me er ei lita kollegagruppe og godt arbeidsmiljø er difor viktig for oss. Det er viktig at du lyttar til alle, men samstundes kan vera usamd. Møter alle med respekt, men samstundes seier di meining. Kan le i saman med oss, men samstundes samtala om det som er mindre kjekt. Me treng at me støttar kvarandre i krevjande situasjonar og difor har kollega som er tolerante.

Me kan tilby ein gjeng som heier på deg og veit at kaffien er ein viktig del av arbeidsdagen, sjølv om du ikkje alltid får drikke den før den vert kald. Ei gruppe som er god på faglege drøftingar. Kan le på jobb, sjølv når du minst ventar det. Ein gjeng som jobbar i saman mot måla for kvar einskild, utifrå dei tenestene dei vert tildelt og innafor dei rammene me har.

  • Målretta miljøarbeid og samtale ilag med brukar.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen og spesialisthelsetenesta
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Rådgjeving og rettleiing i saman med kollegaer, studentar, brukarar og pårørande.

Er du autorisert vernepleiar eller sjukepleiar?

Er du typen som ikkje er redd for å stille spørsmål, eller svare på dei?

Har du godt humør, sjølv om det er fredag eller måndag?

Kan du samarbeida både med folk og datamaskiner?

Kan du halde hovudet kaldt når det stormar og arbeidsdagen ikkje vert slik som planlagt? Samstundes som du meistrar å hugse kvar du sat i frå deg kaffikoppen?

Då vil me gjerne at du søkjer jobb hjå oss!

Me kan tilby ein arbeidskvardag som sjeldan er lik dagen i går, og akkurat det er noko av det fine med denne jobben. Ikkje minst får du ein meiningsfull jobb, der du gjer ein forskjell og yter hjelp til personar med psykisk helse/rus utfordringar.

90% fast stilling som miljøterapeut i turnus. Pr. i dag årsturnus, med langvakter på 12,5t og dagvakter, samt arbeid kvar 4. helg. Dette betyr samanhengande friperiodar, der du kan reise på tur eller slappe av heime.

Om stillinga:

Hjå oss skal du møte menneskjer med respekt, varme og tydlege grenser. Både i og utenfor deira heim, då hovuddelen av stillinga omhandlar miljøterapeutiske oppgåver. Dette inneber både samtalar og praktisk bistand i daglege gjeremål. Du bør vera ein kreativ problemløysar når plan A ikkje lengre er eit alternativ. Tolmod er ofte nøkkelen til å opne døra, samstundes som du må tola at den kan gå i vranglås. Evna til å samarbeida og kommunisera både med kollega og tenestemottakarar er viktig, også når det er forventa at du på førehand skal vera tankelesar. Hjå oss får du bruka den faglege kompetansen din, mykje meir enn du rekk å nemne på intervjuet. Ein del av stillinga vil også omhandle ansvar for legemiddelhandtering på medisinrom.

Me ynskjer oss ein kollega som har humor, sjølv om datamaskina har låst seg. Som er engasjert og positiv til nye utfordringar, som har høg grad av sjølvstende, men samstundes trivst å jobbe i team. Me er ei lita kollegagruppe og godt arbeidsmiljø er difor viktig for oss. Det er viktig at du lyttar til alle, men samstundes kan vera usamd. Møter alle med respekt, men samstundes seier di meining. Kan le i saman med oss, men samstundes samtala om det som er mindre kjekt. Me treng at me støttar kvarandre i krevjande situasjonar og difor har kollega som er tolerante.

Me kan tilby ein gjeng som heier på deg og veit at kaffien er ein viktig del av arbeidsdagen, sjølv om du ikkje alltid får drikke den før den vert kald. Ei gruppe som er god på faglege drøftingar. Kan le på jobb, sjølv når du minst ventar det. Ein gjeng som jobbar i saman mot måla for kvar einskild, utifrå dei tenestene dei vert tildelt og innafor dei rammene me har.

Me har fokus på utvikling, både gjennom ekstern opplæring, men også internt både i kollegiet og elles i kommunen.

Arbeidsoppgåvene hjå oss er varierte og inneber blant anna:
  • Ansvar for legemiddelhandtering etter kompetanse.
  • Målretta miljøarbeid og samtale ilag med brukar.
  • Praktisk bistand i daglege oppgåver, både i og utanfor heimen.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen og spesialisthelsetenesta
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Rådgjeving og rettleiing i saman med kollegaer, studentar, brukarar og pårørande.
Kvalifikasjonar:
  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norsk kunnskapar.
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetjing.
Ynskjelege kvalifikasjonar/eigenskapar
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid, evt. vidareutdanning innan psykisk helse og rus
  • Høg grad av sjølvstende.
  • God evne til samarbeid.
  • Strukturert, fleksibel og løysningsorientert.
Me tilbyr ellers:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter tariffavtale

Det er ønskjeleg å ha eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos ossuansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Tenesteleiar for helsestasjonen i Sogndal
Tenesteleiar for helsestasjonen i Sogndal

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid
Eit godt arbeidsmiljø
Tenesteleiar for helsestasjonen i Sogndal
Tenesteleiar for helsestasjonen i Sogndal

Kenth Rune Teigen Måren • Sogndal

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Gode pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Godt arbeidsmiljø
+1
Sjukepleiar og vernepleiar i heimetenesta, sone Sogndal
Sjukepleiar og vernepleiar i heimetenesta, sone Sogndal

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 520,000 - 780,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Helsefagarbeidar i heimetenesta, sone Sogndal
Helsefagarbeidar i heimetenesta, sone Sogndal

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Ein spanande jobb i eit godt arbeids-m
+1
Sauda kommune har ledig 100% fast stilling som
Sauda kommune har ledig 100% fast stilling som

Sauda kommune Fysio- og Ergoterapitjenesten • Sauda

On-site
NOK 560,000 - 720,000
Fleksibel arbeidstid
Introduksjonsprogram for nyansatte
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Virksomhet Forebyggende helse søker etter
Virksomhet Forebyggende helse søker etter

Sigdal kommune Helse og sosial • Prestfoss

On-site
NOK 560,000 - 680,000
Gode pensjonsordninger
Forsikringsordninger
Fast stilling som sjukepleiar på natt ved Vossestrand Omsorgstun
Fast stilling som sjukepleiar på natt ved Vossestrand Omsorgstun

Voss herad Område nord • Vinje

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Fast rekrutteringstillegg
Årsturnus
Forsikrings- og pensjonsordningar
+3
Pedagogisk leder/barnehagelærer i Sømna barnehage
Pedagogisk leder/barnehagelærer i Sømna barnehage

Sømna kommune • Sømna

On-site
NOK 450,000 - 580,000
Signeringsbonus
Lærertillegg 45 000 kr/år
God pensjonsordning
Tilkallingsvikar
Tilkallingsvikar

Songdalstunet omsorgssenter, Kristiansand kommune • Kristiansand

On-site
NOK 234,000 - 289,000
God opplæring og oppfølging
Lønn etter tariff
God arbeidsmiljø
Helgestillinger hjemmetjenester Søgne vest
Helgestillinger hjemmetjenester Søgne vest

Hjemmetjenester vest, Kristiansand kommune • Søgne

On-site
NOK 320,000 - 420,000