Funksjonsleiar i Odda – lei ei prisvinnande avdeling

Avdeling somatikk Odda sjukehus

Odda

On-site

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant
Application generator

Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.

Get past ATS filters

Job summary

Avdeling somatikk Odda sjukehus søkjer ein funksjonsleiar som skal leie eininga med fagleg utvikling og personalansvar. Du blir ein del av leiargruppa og arbeider tett med kirurgisk og medisinsk poliklinikk samt merkantil eining for eit heilskapleg pasienttilbod.

Du må ha leiarerfaring eller leiarutdanning, gode digitale ferdigheiter og god norskkunnskap. Erfaring frå medisinske/kirurgiske pasientar og rettleiing vert vektlagt.

Qualifications

  • Leiarerfaring eller leiarutdanning.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Erfaring i arbeid med medisinske og kirurgiske pasientar.
  • Rettleiaringskompetanse eller erfaring med rettleiing.

Responsibilities

  • Planleggje og koordinere arbeidet og sikre den daglege drifta i eininga
  • Ha fag- og personalansvar, involvere medarbeidarane og følgje dei opp
  • Bidra til fagleg utvikling og utvikle kompetansen til medarbeidarane i tråd med gjeldande planar
  • Delta i leiargruppa
  • Følgje opp systematisk HMS-arbeid, kvalitet og internkontroll
  • Bruke styrings- og rapporteringsverktøy for å følgje opp drifta

Skills

Leidarerfaring
Digitale ferdigheter
Norskkunnskapar
Erfaring med medisinske pasientar
Rettleiaringskompetanse

Job description

Funksjonsleiar i Odda – lei ei prisvinnande avdeling

Vil du leie medarbeidarar som utviklar tenestene saman?

Kirurgisk og medisinsk poliklinikk ved Odda sjukehus vann Helse Fonna sin arbeidsmiljøpris i 2024. Året etter fekk søvnpoliklinikken vår kvalitetsprisen for arbeidet med å forbetre tilbodet til pasientane. No søkjer vi ein funksjonsleiar som vil ta dette arbeidet vidare.

Du får ansvar for dagleg drift, medarbeidarar og fagleg utvikling ved medisinsk og kirurgisk poliklinikk og merkantil eining.
Du blir ein del av leiargruppa og får samarbeide med fleire fagmiljø om eit breitt behandlingstilbod.

Kirurgisk og medisinsk polikliklinikk omfatter mellom anna skadepoliklinikk, sårpoliklinikk, kirurgisk poliklinikk, kardiologisk og lungepoliklinikk. Søvnpoliklinikken er sjukepleiarstyrt og har eit tett samarbeid med øre-nese hals avdelinga i Haugesund.
Merkantil eining har ei sentral rolle i pasientforløpa og har ansvar for timebestillingar, sentralbord og ekspedisjonstenestar.

Hjå oss får du leia medarbeidarar i eit arbeidsmiljø som er prega av samarbeid, utvikling og høg kvalitet. Vi ser etter deg som ønskjer å skape gode tenester for pasientane våre og som inspirerer andre til kontinuerleg forbetring.

Kva går jobben ut på?

Som funksjonsleiar skal du

  • planleggje og koordinere arbeidet og sikre den daglege drifta i eininga
  • ha fag- og personalansvar, involvere medarbeidarane og følgje dei opp
  • bidra til fagleg utvikling og utvikle kompetansen til medarbeidarane i tråd med gjeldande planar
  • delta i leiargruppa
  • følgje opp systematisk HMS-arbeid, kvalitet og internkontroll
  • bruke styrings- og rapporteringsverktøy for å følgje opp drifta
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Vi ser etter deg som har

  • leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • gode digitale ferdigheiter
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • erfaring i arbeid med medisinske og kirurgiske pasientar
  • rettleiingskompetanse eller erfaring med rettleiing
Kva ser vi etter hos deg?
  • Du kommuniserer godt og byggjer samarbeidsrelasjonar både i eiga eining og med andre fagmiljø.
  • Du trivst med å arbeide i team, samtidig som du tek ansvar og arbeider sjølvstendig.
  • Du har fagleg tryggleik, finn løysingar og kan ta avgjerder. Vi ser òg etter deg som er motivert for å leie medarbeidarar og utvikle tenestene saman med dei.

Vi legg vekt på personleg eignaheit.

Kvifor skal du velje oss?

Du kjem til eit fagmiljø som arbeider systematisk med både arbeidsmiljø og kvalitet. Vi har HMS som fast tema på personalmøta, deler kunnskap med kvarandre og bruker erfaringane våre til å forbetre tenestene. Dette arbeidet var med på å gi poliklinikken arbeidsmiljøprisen i 2024. Søvnpoliklinikken fekk kvalitetsprisen i 2025 for sitt arbeid med pasienttilbodet.

Som funksjonsleiar får du høve til å utvikle både medarbeidarane, tenestene og din egen leiarkompetanse. Du får fagleg rettleiing, høve til fagleg oppdatering og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Er du nysgjerrig på stillinga eller på korleis det er å arbeide ved Odda sjukehus? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kari Marie Tjelmeland for ein uformell samtale.

Vi oppfordrar deg til å bruke Vitnemålsportalen til å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Marie Tjelmeland,Avdelingsleiar,53651120, kari.marie.tjelmeland@helse-fonna.no
Britt Elin Lutro,Funksjonsleiar ,+4795557820, Britt.Elin.Opheim.Lutro@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5187027208
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Funksjonsleiar i Odda – lei ei prisvinnande avdeling
Funksjonsleiar i Odda – lei ei prisvinnande avdeling

Helse Stavanger • Odda

On-site
NOK 900,000 - 1,300,000
Funksjonsleiar i Odda – lei ei prisvinnande avdeling
Funksjonsleiar i Odda – lei ei prisvinnande avdeling

Britt Elin Lutro • Odda

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk
Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk

Avdeling somatikk Odda sjukehus • Odda

On-site
NOK 550,000 - 660,000
Systemansvarleg – IKT og helsedata
Systemansvarleg – IKT og helsedata

Avdeling for teknologi og dataflyt, Klinikk for medisinske tenester og beredskap • Haugesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
fleksibel arbeidstid
gode pensjons- og forsikringsordningar
Sjukepleiar? Sjå her
Sjukepleiar? Sjå her

Helse Stavanger • Odda

Hybrid
NOK 520,000 - 620,000
Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk
Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk

Anita Narheim • Odda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk
Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk

Helse Stavanger • Odda

On-site
NOK 500,000 - 700,000
Fagansvarlig ingeniør - immunhistokjemi
Fagansvarlig ingeniør - immunhistokjemi

Patologi, Haugesund sjukehus • Haugesund

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Helsefagarbeidar 70% fast stilling
Helsefagarbeidar 70% fast stilling

Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde • Sogndal

On-site
NOK 240,000 - 300,000
Interne fagdagar og undervisning
Høve til initiativ i eigen arbeidskvad
Organisasjon i utvikling
Sjukepleiar - 6 månaders vikariat
Sjukepleiar - 6 månaders vikariat

Arbeidsplassen • Førde

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Eit godt arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar