Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sykkylven kommune i Sykkylven søker sjukepleiar 100% vikariat til legevakt og kommunale helsetenester. Turnus i todelt system, med arbeid kvar tredje helg og fokus på helsefremjande arbeid.
Oppstart snarast. Vikariatet varer til august 2027 med moglegheit for forlenging, og det blir tett oppfølging og god opplæring. Legevakt-samarbeid med Stranda kommune inngår i stillinga.
Sykkylven Helsehus er ein spennande arbeidsplass i nye lokaler med eit godt fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, med tydelig fokus på å levere best mogleg helsetenester til kommunen. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, og varierte og spennande arbeidsoppgåver. Vi har prosjekt som gir fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og effektivisering av legetenester. Sykkylven legesenter er kommunalt drive og har 9 legeheimlar, samt ein LIS1-lege. Legesenteret har 5 sjukepleiarar og 4 andre helsepersonell der flere også jobbar ved legevakta i todelt turnus. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune og omfattar 3 fast tilsette legevaktsleger og sjukepleiarar.
Stillinga er per no i todelt turnus, med arbeid på legevakt kvar 3 helg. Vi har fokus på helsefremjande turnus og lav vaktbelastning. Oppstartsdato snarast. Vikariatet er fram til august 2027, med moglegheit for forlenging.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Adresse: Sykkylven helsehus, Auregata 19, 6230 Sykkylven, Norge
Kanutte Roald
Einingsleiar Helsehus
Telefon: 98876765
E-post: kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
Emily Ingina Nedreberg
Avdelingsleiar Legetenester
Telefon: +47 91898741
E-post: emily.ingina.nedreberg@sykkylven.kommune.no
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.