A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kreftbehandling og Palliasjon SNR ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) i Hjelset søker ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga Rett kompetanse – betre pasientflyt. Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027.
Stillinga fokuserer på å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Du vil vere sentral i utprøving av nye arbeidsformer og koordinering av pasientforløp.
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga «Rett kompetanse – betre pasientflyt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027.
Målet med prosjektet er å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Som helsefagarbeidar vil du få ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og arbeidsoppgåver. Du vil bidra til god koordinering av pasientforløp og vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeid.
Stillinga passer for deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer å vere med på å forme framtidas helsetenester. Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endrings- og forbetringsarbeid til beste for pasientane. Hos oss får du høve til å påverke, lære og bidra i eit spennande utviklingsarbeid i ein moderne sjukehuskvardag.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Vil du vere med å utvikle framtidas polikliniske tenester?
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til prosjektstillinga «Rett kompetanse – betre pasientflyt». Prosjektet er eit samarbeid mellom Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Stillinga gjeld for perioden 01.01.2027–31.08.2027.
Målet med prosjektet er å styrkje pasientflyten, sikre rett bruk av kompetanse og utvikle meir effektive arbeidsprosessar på tvers av poliklinikkane. Som helsefagarbeidar vil du få ei sentral rolle i utprøving av nye arbeidsformer og arbeidsoppgåver. Du vil bidra til god koordinering av pasientforløp og vere ein aktiv deltakar i utviklings- og forbetringsarbeid.
Stillinga passer for deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø og ønskjer å vere med på å forme framtidas helsetenester. Vi ser etter deg som er fleksibel, løysingsorientert og motivert for endrings- og forbetringsarbeid til beste for pasientane. Hos oss får du høve til å påverke, lære og bidra i eit spennande utviklingsarbeid i ein moderne sjukehuskvardag.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her .
Elin Kjønnø,Konst. seksjonsleiar,92436070, elin.kjonno@helse-mr.no
Ragnhild Bjerkås,Seksjonsleiar,90594358, ragnhild.bjerkaas@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5162573563
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 04.12.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.