Sjukepleiar

Helse Midt-Norge RHF

Volda

On-site

NOK 520,000 - 700,000

Full time

14 days+

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsord

Job summary

Helse Møre og Romsdal HF i Volda utlyser tre vikariat i 100% stilling frå 01.12.2026 og ein fast 80% stilling. Sengeposten gir varierte arbeidsoppgåver og god moglegheit for fagleg utvikling i eit sterkt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver inkluderer deltaking i tredelt turnus med helgestilling, tverrfagleg samarbeid og mottak/overføring av pasientar mellom omsorgsnivå. Søknadsfrist 29.11.2026 og startdato 01.12.2026.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar må innehas.
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Responsibilities

  • Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
  • Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar.
  • Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå.
  • Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta.

Skills

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Education

Autorisasjon som sjukepleiar

Job description

Sjukepleiar Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Om stillinga

Vi har ledig tre vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2026, og ei fast 80% stilling.

Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og trivelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av fagområde, med pasienten i fokus og mål om å gi best mogleg behandling og omsorg.

Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar, noko som gir deg som sjukepleiar varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. For tida har vi 30 sengeplassar fordelte på fire grupper.

Oppstart etter nærare avtale.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 29.11.2026

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Stad: Volda

Stillingstittel: Sjukepleiar

Stillingar: 4

Heiltid / Deltid: Heiltid, Deltid

Tilsetjingsform: Vikariat, Fast

Stillingsprosent: 100, 80

Webcruiter-ID: 5186040953

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 30.11.2027

Arbeidsoppgåver
  • Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar
  • Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå
  • Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Du er strukturert
  • Du er ansvarsbevisst og fleksibel
  • Du er positiv, støttande og likar å samarbeide i team
  • Du har gode samarbeidseigenskapar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrende kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet fra Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.

Adresse: Volda sjukehus, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda, Norge

Kontaktinformasjon
Laila Moe Winjevoll
Seksjonsleiar

Telefon: +47 47829022

E-post: laila.moe.winjevoll@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Sjukepleiar
Sjukepleiar

Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 520,000 - 650,000
God offentleg pensjonsordning
Fordelaktige forsikringsvilkår
Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar
Sjukepleiestudent/helsefagarbeidar

Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 400,000 - 460,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Helse Nord-Trøndelag • Volda

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Tilkallingsvikarer
Tilkallingsvikarer

Helse Midt-Norge RHF • Hjelset

On-site
NOK 344,000 - 482,000
Læring og utvikling
Trygt arbeidsmiljø
Grundig opplæring
+2
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Volda

On-site
NOK 600,000 - 750,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Høve til fagleg utvikling
+2
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Helse Midt-Norge RHF • Ålesund

On-site
NOK 520,000 - 720,000
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
+1
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Central Norway Regional Health Authority • Ålesund

On-site
NOK 540,000 - 720,000
Tverrfagleg samarbeid
Inkluderende arbeidsplass
Løn etter overeinskomstar
+3
Helsefagarbeidar
Helsefagarbeidar

KREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SNR, Helse Møre og Romsdal HF • Gujorda

On-site
NOK 469,000 - 603,000
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Kirurgiske poliklinikker SNR, Helse Møre og Romsdal HF • Gujorda

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Tverrfaglig samarbeid
Inkluderende arbeidsplass
Faglig utvikling
+2
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar

Helse Møre og Romsdal HF • Volda

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Top locations