Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Helse Møre og Romsdal HF i Molde søkjer sjukepleiar til ei 80% stilling i døgnbehandling psykisk helse ved DPS Molde. Arbeidet er i natt, med oppstart etter nærare avtale. Seksjonen har 16 senger, gruppetilbod og eit fokus på verdibasert behandling.
Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og gjerne erfaring frå psykisk helsearbeid. Søknadsfrist 04.11.2026; kontakt i seksjonen, vederlag og pensjonsordningar er på plass.
Vil du vere med på laget vårt?
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig 80% stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar 3.helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi arbeidar for fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktiviteter.
I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Eline Gammelsæter,Seksjonsleiar,Eline.Gammelseter@helse-mr.no
Nøisomhedvegen 12
6416Molde
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194669845
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2026