A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nordfjord sjukehus søkjer sjukepleiar til ei 85% fast stilling med moglegheit for 15% vikariat frå 14.12.2026. Stillinga inngår i tredelt turnus og vi testar ut langvakter frå neste turnusperiode. Arbeidsplassen ligg i Nordfjordeid med ei variert kvardag og mykje fagleg utvikling.
Du vil bli ein del av ein heil døgnsseining på 16 senger med fokus på indremedisin og kontinuerleg observasjon. Søkjar bør ha norsk autorisasjon og god norsk. Eit godt fagmiljø og opplæring vil bli tilbydd.
Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag?
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat fra 14.12.2026..
Oppstartsdato kan avtalast nærare.
Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode.
Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.
Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.
Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus liggsentralt i Nordfjord og ereit av tre sjukehus i Helse Førde.
Nordfjordeid har gode tilbod innen barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5213404421
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 14.12.2026
Søknadsfrist: 07.12.2026
Seksjonsleiar
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.