A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund leiger ut ein 100% stilling som saksbehandlar/reiseplanleggar i Pasientreiser-seksjonen. Du vil planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing til pasientar og rekvirentar og verte ein viktig støttespelar i å sikre prøvande reiseoppleving.
Vi søker ein strukturert og lyttande medarbeidar som trivst i eit inkluderande fellesskap, med god måte å handtere stress og krevjande situasjonar. Interne omrokkeringar kan gi andre ledige stillingar.
Vil du vere med og gjere ein forskjell for pasientar i Møre og Romsdal?
Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledig eit vikariat i 100% stilling som saksbehandlar/reiseplanleggar.
Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe i eit inkluderande fellesskap. Du vil få ei viktig rolle i å planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg.
Interne omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Esben Magnell,Seksjonsleiar,esben.magnell@helse-mr.no
Åsebøen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5208996205
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 05.09.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026