Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Øygarden kommune Psykisk helse og rus søkjer ei vernepleiar eller sjukepleiar til døgnbasert teneste ved ROP-huset i Rong. Tilsette vil få variert arbeid med fokus på kontinuitet og tryggleik for brukarane.
Stillinga inneber legemiddelhandtering, dokumentasjon i elektronisk journalsystem og tett samarbeid med pårørande. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og samarbeid i tverrfaglege team.
ROP-huset ligg på Søre Bildøy og er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt.
Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar.Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester.
Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål.
ROP-huset ligg på Søre Bildøy og er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skabe ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt.
Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar.Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester.
Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål.
Vi har no ledig 2 x 100 % faste stillingar ved ROP-husetStillingane har ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke over ein periode på 52 veker. Tenestene er utforma med utgangspunkt i brukarane sitt behov for kontinuitet, tryggleik og føreseielegheit. For tida er arbeidet organisert i døgn-/medleverturnus. Medarbeidarane arbeider i samanhengande arbeidsperiodar på 2 til 3 døgn, etterfølgt av friperiodar. Turnusordninga legg til rette for stabile relasjonar, tett oppfølging og god kontinuitet i tenestene.
Arbeidstidsordninga er etablert for å møta behova i tenesta og kan endrast dersom behova til brukarane eller andre rammevilkår tilseier det.
Vi ser etter deg som:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid.
Kontakt:
Avdelingsleiar: Rikke Etim tlf: 488 96196
Rikke.etim@oygarden.kommune.no
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad