A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar og tolkar. Du vil arbeide med å gjere arbeidslivet meir tilgjengeleg for døve, høyrselshemma og døvblinde og bruke tolkekompetansen din i både praktiske og strategiske oppgåver.
Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og vil delta i utviklinga av tenester for utdanning og arbeid. Lønnsbudsjettet ligg mellom 639 000 og 729 000 kroner i året, og stillinga har fleksitid og hybrid arbeidskvardag.
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar og tolk. Vi ser etter deg som brenn for tolkeyrket, gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Vil du bli med på å gjere arbeidslivet meir tilgjengeleg for døve, høyrselshemma og døvblinde? Hos oss får du bruke tolkekompetansen din både praktisk og strategisk. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for betre tilrettelegging i utdanning og arbeidsliv. Du får vere med å utvikle tenestene våre slik at vi kan nå målet om å hjelpe fleire gjennom utdanning og ut i arbeidslivet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held for tida til på Kokstad i Bergen. Eininga består av seks avdelingar som til saman har brei tverrfagleg kompetanse innan helse, teknologi, forvaltning og pedagogikk. I løpet av 2029 flyttar vi til nye og moderne lokale.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Ambulant verksemd må påreknast
Vi ser etter deg som har:
Vi ynskjer at du har:
Om du blir tilsett hos oss, får du:
Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg? Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt. Får du tilbod om stillinga, kan du få ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og spørje om det du lurer på. Då får du eit betre inntrykk av korleis det er å jobbe hos oss, og om vi er ein god match.
Kontaktperson
Hans Jørgen Svabekk, leiar for avdeling Tolk, 926 63 111, hans.jorgen.svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, leiar for avdeling Rådgivning, 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
Hans Jørgen Svabekk,Avdelingsleiar tolk,926 63 111,Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
Leif Fauskanger,Avdelingsleiar Rådgivning ,951 87 003,leif.fauskanger@nav.no
Kokstaddalen 35
5257Kokstad
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5204428265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026