Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Distriktssenteret søkjer ein engasjert rådgjevar til avdeling Tenester i lokalsamfunn, med kontorstad Leikanger i Sogndal. Du vil vere med på å styrkje utviklingskapasiteten i distriktskommunar og lokalsamfunn, og utvikle og formidle prosjekt- og analyseinnspel.
Arbeidet krev initiativ, relasjonsbygging og sjølvstendig gjennomføring av prosessar frå idé til gjennomføring. Du vil samarbeide tett med kommunar, statlege aktørar og næringsliv, og bidra til både å omsetje kunnskap og gi innspel til
Distriktssenteret søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rådgjevar til avdeling Tenester i lokalsamfunn, med kontorstad Leikanger i Sogndal.
Vi ser etter deg som vil vere med på å styrkje utviklingskapasiteten i distriktskommunar og lokalsamfunn, og som trivst i skjeringspunktet mellom kunnskapsutvikling, formidling og samhandling. Du tek initiativ, byggjer relasjonar og ser moglegheiter for utvikling og innovasjon. Samtidig arbeider du strukturert og sjølvstendig, og har evne til å drive prosessar frå idé til gjennomføring.
Som rådgjevar hos oss blir du ein pådrivar for samarbeid mellom kommunar, statlege aktørar, frivillig sektor og næringsliv. Du vil arbeide med prosessar som skaper endring, og bidra til at gode idear blir omsette til praktiske løysingar. Du vil også arbeide med innspel til nasjonal politikkutvikling.
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Distriktssenteret skal styrke distriktskommunar si evne til innovasjon- og utviklingsarbeid, og distriktsbutikkar si overlevelsesevne. Som statleg kompetansesenter er det vår oppgåve å utvikle kunnskap, verktøy og metodar til bruk i utviklingsarbeid.
Distriktssenteret er styrt av Kommunal- og distriktsdepartementet, og har også som oppdrag å levere kunnskap til vidareutvikling av dei distriktspolitiske verkemidla departementet har ansvar for.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Alle kontora våre er moderne og er godt tilrettelagt for ein fleksibel arbeidskvardag. I Leikanger held vi til i same bygg som Digitaliseringsdirektoratet og Statens vegvesen.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du forklare kvifor. Opplysningar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall vil vi varsle deg først.