Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Distriktssenteret søkjer ein engasjert rådgjevar til avdeling Tenester i lokalsamfunn med kontor i Leikanger, Sogndal. Du blir ein pådrivar for samarbeid mellom kommunar, statlege aktørar, frivillig sektor og næringsliv.
Arbeidsoppgåvene inkluderer utvikling og formidling av kunnskap om samfunns- og distriktsutvikling, gjennomføring av utviklingsprosessar og omsetjing av innsikt til råd og verktøy. Ein god matches med å handtere nasjonale innspel og prosjektarbeid.
Distriktssenteret søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rådgjevar til avdeling Tenester i lokalsamfunn, med kontorstad Leikanger i Sogndal.
Vi ser etter deg som vil vere med på å styrkje utviklingskapasiteten i distriktskommunar og lokalsamfunn, og som trivst i skjeringspunktet mellom kunnskapsutvikling, formidling og samhandling. Du tek initiativ, byggjer relasjonar og ser moglegheiter for utvikling og innovasjon. Samtidig arbeider du strukturert og sjølvstendig, og har evne til å drive prosessar frå idé til gjennomføring.
Som rådgjevar hos oss blir du ein pådrivar for samarbeid mellom kommunar, statlege aktørar, frivillig sektor og næringsliv. Du vil arbeide med prosessar som skaper endring, og bidra til at gode idear blir omsette til praktiske løysingar. Du vil også arbeide med innspel til nasjonal politikkutvikling.
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett.
Du vil jobbe mykje med å
Vi ser etter deg som
Det er ein fordel om du har
Personlege eigenskapar vi legg vekt på:
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Distriktssenteret skal styrke distriktskommunar si evne til innovasjon- og utviklingsarbeid, og distriktsbutikkar si overlevelsesevne. Som statleg kompetansesenter er det vår oppgåve å utvikle kunnskap, verktøy og metodar til bruk i utviklingsarbeid.
Distriktssenteret er styrt av Kommunal- og distriktsdepartementet, og har også som oppdrag å levere kunnskap til vidareutvikling av dei distriktspolitiske verkemidla departementet har ansvar for.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Alle kontora våre er moderne og er godt tilrettelagt for ein fleksibel arbeidskvardag. I Leikanger held vi til i same bygg som Digitaliseringsdirektoratet og Statensvegvesen.