A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statsforvaltaren i Vestland søkjer ein klimarådgjevar som skal leie og samordne kommunane si rolle i å redusere klimagassutslepp og tilpasse seg eit endra klima. Stillinga er tverrfagleg og inneber samarbeid med natur, landbruk, beredskap og samfunnsplanlegging.
Du må ha relevant høgare utdanning (masternivå) innan klima eller miljø, god norsk framstillingsevne og erfaring frå offentleg forvaltning. Stillinga inkluderer delvis heimekontor, fleksibel arbeidstid og konkurransedyktig lønn.
Vil du vere ein pådrivar for klima- og naturomsyn i Vestland?
Klimaendringane og tapet av natur er blant dei største utfordringane samfunnet står overfor. Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, tilpasse samfunnet til eit endra klima og ta vare på naturen gjennom arealforvaltning og planlegging. Statsforvaltaren i Vestland søkjer no ein engasjert og initiativrik klimarådgjevar som vil vere med å styrkje dette arbeidet. Som klimarådgjevar får du arbeide på tvers av fagområde som klima, natur, landbruk, beredskap og samfunnsplanlegging. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø og får ei sentral rolle i dialogen med kommunane i Vestland. Stillinga er organisert i miljøavdelinga, men arbeidet vil vere på tvers av fleire avdelingar i embetet.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt og laste opp relevante vitnemål og attestar. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir. Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, fra kr 630 000 - 800 000 brutto per år ut fra kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje. For meir informasjon, kontakt miljødirektør Aslaug Aalen på telefon 55 57 20 13 eller e-post aslaug.aalen@statsforvalteren.no
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter. Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mangeenkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar. Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg,nær og løysingsorientert. Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seksavdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.