A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statsforvaltaren i Vestland søkjer ein engasjert jurist til ei fast stilling som rådgjevar ved avdeling for helse, sosial og barnevern i Leikanger. Du vil arbeide med klagehandsaming etter pasientreiseforskrifta og sikre rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene.
Vi ser etter deg med juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap, god skriftleg og munnleg framstilling på nynorsk og bokmål, samt sterke ICT-ferdigheiter som støtter effektiv saksbehandling.
Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
Statsforvaltaren i Vestland er på jakt etter ein engasjert og dyktig jurist til ei fast stilling som rådgjevar. Stillinga ligg til avdeling for helse, sosial og barnevern, med kontorstad på Leikanger. Vi jobbar på oppdrag fra Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet, og har ansvar for viktige rettstryggleiksoppgåver i helse- og omsorgssektoren. Frå 1. januar 2026 fekk vi ansvarfor pasientreiseklager frå heile landet. Når ein innbyggjar reiser til og frå behandling som vert dekt av det offentlege, kan dei ha rett til reisestønad. Pasientane gjennomfører reisene på eigenhand, og sender søknad om reisestønad til Pasientreiser HF i etterkant. Dersom søkjaren ikkje er samd i vedtaket til Pasientreiser HF, kan dei klage til Statsforvaltaren. Vi ser etter deg som har interesse for helse- og omsorgsrett, og som vil jobbe for å sikre kvalitet og rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene.
Som juridisk rådgjevar vil du primært jobbe med behandling av klager etter føresegnene i pasientreiseforskrifta. Du vil både behandle eigne klagesaker, og etter kvart godkjenne sakene til andre saksbehandlarar. Det kan også bli aktuelt å bidra med utviklingsoppgåver. Det kan også bli aktuelt å jobbe med andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga.
Ved vurdering av kvalifiserte søkarar vil vi legge særleg vekt på personlege eigenskapar, og erfaring frå offentleg saksbehandling og saksområda som ligg til stillinga.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar fra desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt og laste opp relevante vitnemål og attestar. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir . Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, fra kr 630 000 - 740 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok . Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg fra oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Njøsavegen 2 6863 Leikanger (Sogndal Kommune)