A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statsforvaltaren i Rogaland søker kommunikasjonsrådgivar for å ta vare på villrein og natur. Du blir del av eit fagmiljø som arbeider med å samordne budskap på tvers av kanalar og aktørar, og du vil bidra til utvikling av ei felles kommunikasjonsstrategi for verneområde.
Arbeidsstaden er Stavanger, med Delvis hjemmekontor og fleksibel arbeidstid. Lønn som rådgivar/seniorrådgivar er mellom kr 620 000 og kr 750 000 per år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Du vil mellom anna:
Vil du bruke kommunikasjonskompetansen din til å ta vare på villrein og sårbar natur?
Kommunikasjonsrådgivar sårbar natur og villreinOm avdelinga og fagområdet
Miljøvernavdelinga har ledig vikariat som kommunikasjonsrådgivar.
Vi er på jakt etter deg som er interessert i natur og forstår korleis kommunikasjon kan bidra til å ta vare på villreinen og naturen vår.
Du har erfaring frå praktisk kommunikasjonsarbeid og er oppteken av å samordne bodskap og innhald på tvers av kanalar. Du likar å jobbe med folk og i nettverk med mange aktørar.
Stillinga er knytt til Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) landskapsvernområde, Lysefjorden og Jærstrendene. Du vil få ansvar for å bidra til utviklinga av ein felles nasjonal kommunikasjonsstrategi for villrein og verneområde.
Stillinga blir du ein del av eit større fagmiljø med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe med fagfolk innan naturforvalting og kommunikasjon i embetet vårt, og på tvers av geografi og forvaltningsnivå.
Arbeidsstaden er Statens Hus i Stavanger.
Stillinga høyrer til fagområde natur ved miljøvernavdelinga.
Du vil mellom anna:
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Det er 6 månards prøvetid.
Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.
Alle som søkjer stillinga, må søkje digitalt gjennom vår karriereside. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søkandsfristen har gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring på den offentleg søkjerlista, må dette grunngjevast. Du vil få varsel dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket. Gjennom tilsyn,
rettleiing og dialog følgjer vi opp Stortingets og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer
i Rogaland. Ei sentral oppgåve er å ta vare på rettstryggleiken til innbyggjarane og vere
klageinstans for kommunale vedtak. Statsforvalteren er tillagd ei rekkje oppgåver frå
departement, direktorat og tilsyn. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle
og effektivisere statlege verksemd i fylket.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftsmåla på våre fagområde
og skal, som ein del av arbeidet vårt, formidle relevant kunnskap til andre aktørar i
regionen.
Statsforvaltaren har oppgåver innenfor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse,
beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planarbeid.
Embetet har ca 200 tilsette.
Kontaktpersonar:
Søknadsfrist: 16.11.2026