Rådgjevar

Luster kommune Luster kommune

Drevdal

On-site

NOK 650,000 - 900,000

Full time

14 days+

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Faglig utvikling
Pensjons- og forsikringsordningar

Job summary

Luster kommune søkjer ein rådgivar i 100% fast stilling til å utvikle og forbetre bruken av digitale verktøy og system på. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for tilsette på tvers av einingar og skal bidra til at teknologien fungerer godt i praksis.

Du kombinerer systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing, og du vil identifisere forbedringsområde og hjelpe andre med å ta dei i bruk i kvardagen.

Qualifications

  • God digital kompetanse og evne til å sette deg raskt inn i nye system.
  • Erfaring med systemadministrasjon, opplæring eller brukarstøtte.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Det er ein fordel om du har erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid eller frå offentleg forvaltning.
  • God kjennskap til Microsoft 365; kjennskap til Visma og ACOS er ein fordel.

Responsibilities

  • Få oversyn over behov hos medarbeidarane og omsetje dei til konkrete forslag til forbedring.
  • Forbetre arbeidsprosessar gjennom smartare bruk av system og digitale verktøy.
  • Planleggje og gjennomføre opplæring, rette tilsette og gi brukarstøtte.
  • Bidra til innføring og vidareutvikling av digitale løysingar og integrasjonar.
  • Samarbeide med fagmiljø og leverandørar om utvikling, forbetringar og feilretting.

Skills

Digital kompetanse
Systemadministrasjon
Grunnleggende skriftlig/munnlig norsk
Prosjekt- og utviklingsarbeid
Microsoft 365
Visma/ACOS

Tools

Microsoft 365
Visma
ACOS

Job description

Vil du gjere digitale løysingar enklare og arbeidskvardagen betre for dei tilsette i kommunen?

Me søkjer ein rådgjevar i 100% fast stilling som vil bidra til å utvikle og forbetre måten kommunen nyttar digitale verktøy og system på. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for tilsette på tvers av einingar og skal bidra til at teknologien fungerer godt i praksis, støttar arbeidsprosessane og løyser reelle behov.

I denne stillinga får du kombinere systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing. Du skal ikkje berre følgje opp systema me har, men òg sjå moglegheiter for forbetring, finne gode løysingar og hjelpe andre med å ta dei i bruk.

Me ser etter deg som forstår samspelet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi – og som ønskjer å bruke denne forståinga til å skape konkrete forbetringar.

Kommunikasjon og IKT vart oppretta i 2022 og har seks tilsette. Avdelinga arbeider med intern og ekstern kommunikasjon, systemforvaltning, digitalisering, utvikling, brukarstøtte og opplæring.Me samarbeider tett med einingane i kommunen for å forstå behova deira og utvikle løysingar som fungerer i kvardagen.Hos oss får du ei variert rolle med høve til å påverke korleis kommunen arbeider med digitale løysingar, og til å følgje utviklingsarbeidet frå behov til praktisk bruk.

Du skal bidra til at kommunen sine digitale løysingar fungerer godt, blir brukte på ein god måte og blir vidareutvikla i takt med behova i organisasjonen.

  • Fange opp behov hos dei tilsette og omsetje dei til konkrete forslag til forbetring.
  • Forbetre arbeidsprosessar gjennom smartare bruk av system og digitale verktøy.
  • Planleggje og gjennomføre opplæring, rettleie tilsette og gi brukarstøtte.
  • Bidra til innføring og vidareutvikling av digitale løysingar og integrasjonar.
  • Samarbeide med fagmiljø og leverandørar om utvikling, forbetringar og feilretting.
Ynskja kvalifikasjonar
  • God digital kompetanse og evne til å setje deg raskt inn i nye system. Du må ha forståing for ulike roller og leiing.
  • Erfaring med systemadministrasjon, opplæring eller brukarstøtte.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Det er ein fordel om du har erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid eller frå offentleg forvaltning.
  • God kjennskap til Microsoft 365.
  • Kjennskap til Visma og ACOS er òg ein fordel.
Personlege eigenskapar

For å lukkast i rolla må du vere oppteken av å forstå behova til andre og finne løysingar som fungerer i praksis. Du må også evne å ha eit overordna blikk over systemlandskapet, like å dele kunnskap og tilegne deg ny kunnskap.

  • Jobbar strukturert og følgjer opp oppgåver frå idé til gjennomføring.
  • Kommuniserer godt og forklarar kompliserte tema på ein enkel måte.
  • Er imøtekomande, fleksibel og trivst med ei blanding av utviklingsarbeid, systemoppfølging og brukarstøtte.

Hos oss får du ei rolle der du kan kombinere teknologisk forståing med samarbeid og utvikling. Me ønskjer oss ein kollega som ser moglegheiter, skaper gode relasjonar og vil gjere digitale løysingar til ein naturleg og nyttig del av arbeidskvardagen.

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Andre opplysningar
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.noTilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

GIS-rådgjevar
GIS-rådgjevar

Luster kommune Forvaltning og utvikling • Drevdal

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Fleksitidsordning
Tilgang til fagprogramvare og verktøy
Pensjons- og forsikringsordningar
Beredskapskoordinator
Beredskapskoordinator

Luster kommune Forvaltning og utvikling • Drevdal

On-site
NOK 600,000 - 760,000
Nyoppretta stilling
Varierte arbeidsoppgåver
Tett samarbeid med kommuneleiinga
+4
Eigedomslandmålar
Eigedomslandmålar

Luster kommune Forvaltning og utvikling • Drevdal

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Beredskapskoordinator
Beredskapskoordinator

Ole Gunnar Krakhellen • Drevdal

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Offentleg pensjonsordning
Gode forsikringsordningar
Fagleg utvikling
Eigedomslandmålar
Eigedomslandmålar

Ole Gunnar Krakhellen • Drevdal

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Sentral fagrolle i nytt interkommunalt
Varierte oppgåver i fem kommunar
Tverrfagleg arbeidsmiljø
+2
Eigedomslandmålar
Eigedomslandmålar

Luster kommune • Gaupne

On-site
NOK 600,000 - 760,000
Fleksitidsordning
Tilgang til tenestebil
Pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsleiar drift og vedlikehald – ei nøkkelrolle i teknisk drift
Arbeidsleiar drift og vedlikehald – ei nøkkelrolle i teknisk drift

Lærdal kommune Tekniske Tenester • Lærdalsøyri

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Gode personforsikringar som ein del av
Fagtlig utvikling og kompetanseheving
+1
Vil du være med å skape Norges beste kulturopplevelser?
Vil du være med å skape Norges beste kulturopplevelser?

Kulturproduksjon, Lørenskog kommune • Lørenskog

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Pensjons- og forsikringsordninger
Firmahytte på Sjusjøen
Helsefremmende aktiviteter
Byggdrifter
Byggdrifter

Byggdrift, Vestvågøy kommune • Leknes

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Flyttegodtgjørelse
Tariffestede pensjons- og forsikrings­
Velferdstiltak, treningsavtale
Bli vår nye nettverksressurs med ansvar for drift, sikkerhet og utvikling
Bli vår nye nettverksressurs med ansvar for drift, sikkerhet og utvikling

Lorenskog • Lørenskog

Remote
NOK 700,000 - 900,000
God forsikringsordning og offentlig-­p
Muligheter for fag-/kompetanseutviklng
Trenings avtaler og velferdsgoder
+1
Top locations