Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Statsforvaltaren i Rogaland tilbyr ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan arealforvalting og landbruksregelverk. Du vil arbeide tett med kommunane, bidra i planprosessar og gi fagleg input i jord- og konsesjonslova-saker.
Stillinga krev mastergrad i arealplanlegging og erfaring frå samfunns- og arealplanlegging, samt GIS-kunnskap. Lønn mellom 620 000 og 750 000 kroner årlig, med god pensjonsordning og fleksible ordningar.
Statsforvaltaren skal tidleg i prosessar formidle nasjonal politikk og prioriteringar, og landbruksavdelinga skal vere kompetansesenter for kommunane på landbruks- og matområdet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er difor ein sentral del av stillinga, og du må kunne halde innlegg på kurs og konferansar.
Rogaland har areal av stor nasjonal verdi for matproduksjon. Som rådgivar hos oss vil du bidra til å sikre verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap, og du blir ein del av eit godt fagmiljø i landbruksavdelinga. Vi ønskjer oss ein kollega med sterk interesse for arealforvaltning, og som kjenner godt til dei landbruksmessige utfordringane i fylket.
Du vilfå arbeide med:
Vi søker etter ein person med god kjennskap til landbruket i Rogaland, og som vil arbeide med samfunns- og arealplanlegging og arealforvaltning. Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som:
Den som blir tilsett i stillinga må vere open for endringar i oppgåver og ansvarsområde som følgje av endring i prioritering og oppdrag for avdelinga, ut frå kapasitet og kompetanse.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyrVi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket. Gjennom tilsyn,
rettleiing og dialog følgjer vi opp Stortingets og og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer
i Rogaland. En sentral oppgåve er å ivareta rettstryggleiken til innbyggjarane og vera
klageinstans for kommunale vedtak. Statsforvalteren er tillagt ei rekkje oppgåver frå
departement, direktorat og tilsyn. Statsforvalteren skal medverka til å samordne, forenkle
og effektivisera statlege verksemder i fylket.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgja opp berekraftsmåla på våre fagområde,
og skal som ein del av arbeidet vårt formidla relevant kunnskap til andre aktørar i
regionen.
Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse,
beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planarbeid.
Embetet har ca 200 tilsette.
Tilleggsinformasjon
Kontaktpersonar:
Monica Dahlmo, landbruksdirektør
Telefon: 456 52 833 | E-post: monica.dahlmo@statsforvalteren.no
Anfinn Rosnes, ass. landbruksdirektør
Telefon: 481 47 213 | E-post: anfinn.rosnes@statsforvalteren.no
Søknadsfrist: 30.10.2026