Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Bergen søker psykologspesialist/psykolog til TSB-poliklinikken ved Bergen og Bjørgvin fengsel. Stillinga tilbyr variert klinisk arbeid, tverrfagleg samarbeid og utvikling av behandlingstilbodet i ein spennande institusjon.
Du vil arbeide i eit lite, tverrfagleg team og få påverke både fagleg innhald og organisering av arbeidet. Kriminalomsorga, kommunale og spesialisthelsetenesta samarbeider om pasientforløp og oppfølging.
Vil du vere med å videreutvikle TSB-poliklinikken i Bergen og Bjørgvin fengsel?
Vi søker ein engasjert psykologspesialist/psykolog som ønsker ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, og som vil bidra til å skape eit godt og tilpassa behandlingstilbod for innsette.
I samarbeid med Kriminalomsorga har vi etablert ein TSB-poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til innsette med rus- og avhengigheitsutfordringar. Poliklinikken har arbeidsstad i både Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel.
Hos oss vil du møte ei pasientgruppe med samansette utfordringar, der ruslidingar og psykiske helseutfordringar ofte heng tett saman. Arbeidet gir rom for varierte kliniske problemstillingar, tverrfagleg samarbeid og faglege vurderingar i ein behandlingskontekst som skil seg frå ein ordinær poliklinikk.
Vi ønsker å nytte fengselsopphaldet som ein arena for endring og behandling, og bidra til gode og samanhengande pasientforløp gjennom samarbeid med kommune- og spesialisthelsetenesta, også etter lauslating.
Rus- og avhengigheitsklinikken har ca. 600 medarbeidarar og består av Seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Klinikken er i ei spennande utvikling, mellom anna knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med psykisk helsevern. Forskingseksjonen i Rus- og avhengigheitsklinikken har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar blant anna i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin.
TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel er ein eigen seksjon, organisatorisk plassert under Seksjon LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på fem poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Seksjonane er tverrfagleg samansette med psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.
Poliklinikken består av seksjonsleiar, psykologspesialist, sjukepleiarar/vernepleiarar og lege. Vi er eit lite, tverrfagleg team som samarbeider tett om pasientbehandlinga og utviklinga av tilbodet. Som psykolog hos oss vil du få moglegheit til å påverke både det faglege innhaldet og korleis vi organiserer arbeidet videre.
Det blir lagt til rette for fagleg utvikling og rettleiing saman med psykologar ved dei andre LAR-poliklinikkane. Vi har også eit nært samarbeid med Kriminalomsorga, sosialkonsulentane og helseavdelingane i fengsla og Seksjon for fengselspsykiatri.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.