An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga i Helse Bergen HF søker ei fast 100% stilling som spesialergoterapeut, tilknytt Nevroklinikken. Arbeidet er hovudsakleg knytt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk, med fokus på ADL-vurdering, tidleg rehabilitering og tverrfagleg samarbeid.
Det vert krav om norsk autorisasjon som ergoterapeut og gjerne masternivå. Søkjarar bør ha erfaring frå spesialisthelsetenesta og kompetanse innan rehabilitering etter hjerneslag og MS.
Ortopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HF
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til somatiske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet, og tilbyr eit spanande særfagleg og tverrfagleg fagmiljø. Det faglege engasjementet i avdelinga er stort med fokus på å tilby kunnskapsbaserte tenester. Vi er opptatt av tenesteutvikling og korleis tenestene kan forbetrast i tråd med utviklinga i helsetenesta. Dette gjer vi saman i eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede og samhold.
Vi har ledig fast 100% stilling for spesialergoterapeut frå 01.01.27 tilknytt Nevroklinikken.
Arbeidsoppgåvene er ihovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk. Ved akuttpost er kartlegging av ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og oppfølging av arm-/handfunksjon sentralt. Ved nevrologisk poliklinikk gir ein tilbod til pasientar med aktivitetsvanskar som treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Ergoterapeuten inngår i tverrfagleg team ved dei ulike einingane. Som spesialergoterapeut vil ein ha medansvar for å sikre høg kvalitet i klinisk praksis og utvikling av tenestene.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Silje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55976279
Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5180988268
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.