Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Divisjon psykisk helsevern/Forskingsavdelinga ved Helse Bergen HF søker ein forskarassistent for å arbeide i Gene-to-Circuit Laboratory, ein del av Bergen Psychosis Research Group. Du vil halde liv i menneskelege pluripotente stamcellelinjer, utføre nevrale og kardiale differensieringar og bidra til CRISPR-screeningar og måteleg dataanalyse.
Arbeidsplassen ligg ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, og prosjekt CONVERGE er hovudfokus.
Divisjon psykisk helsevern/ Forskingsavdelinga, Helse Bergen HF
Forskingsavdelinga ved Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus (HUS), har ei eittårig forskarassistentstilling ledig.
Gene-to-Circuit Laboratory er ein del av Bergen Psychosis Research Group og er lokalisert ved Bergen Center for Medical Stem Cell Research ved HUS og Universitetet i Bergen. Laboratoriet vert leia av Novin Balafkan og Sadaf Ghorbani.
Forskinga vår handlar om korleis genetiske variantar påverker genregulerande og cellulære nettverk i svært tidlege utviklingsfasar. Vi følgjer desse prosessane frå genom til fenotype ved hjelp av modellar baserte på humane stamceller, funksjonell genomikk med CRISPR-teknologi og enkeltcelleprofilering.
I denne stillinga vil du i hovudsak arbeide med CONVERGE, eit prosjekt finansiert av Forskingsrådet. CONVERGE undersøkjer korleis risikogen for nevroutviklingsforstyrringar og medfødte hjartesjukdomar påverkar den normale utviklinga av hjerne- og hjarteceller.
Målet vårt er å kartleggje kva gen som styrer desse biologiske nettverka i dei ulike celletypane, korleis risikovariantane påverkar dei på tvers av vev, og kvar det kan vere mogleg å setje inn tiltak for å gjenopprette normal funksjon.
Forskingsavdelinga ved Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus (HUS), har ei eittårig forskarassistentstilling ledig.
Gene-to-Circuit Laboratory er ein del av Bergen Psychosis Research Group og er lokalisert ved Bergen Center for Medical Stem Cell Research ved HUS og Universitetet i Bergen. Laboratoriet vert leia av Novin Balafkan og Sadaf Ghorbani.
Forskinga vår handlar om korleis genetiske variantar påvirker genregulerande og cellulære nettverk i svært tidlege utviklingsfasar. Vi følgjer desse prosessane frå genom til fenotype ved hjelp av modellar baserte på humane stamceller, funksjonell genomikk med CRISPR-teknologi og enkeltcelleprofilering.
I denne stillinga vil du i hovudsak arbeide med CONVERGE, eit prosjekt finansiert av Forskingsrådet. CONVERGE undersøkjer korleis risikogen for nevroutviklingsforstyrringar og medfødte hjartesjukdomar påvirker den normale utviklinga av hjerne- og hjarteceller.
Målet vårt er å kartleggje kva gen som styrer desse biologiske nettverka i dei ulike celletypane, korleis risikovariantane påvirker dei på tvers av vev, og kvar det kan vere mogleg å setje inn tiltak for å gjenopprette normal funksjon.
Vi søkjer ein kandidat som:
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Novin Balafkan,Prosjektleiar, novin.balafkan@helse-bergen.no
Per-Christian Tang Pedersen,Seksjonsleiar,55958490, per-christian.tang.pedersen@helse-bergen.no
Trude Merete Ramberg,Avdelingssjef, trude.merete.ramberg@helse-bergen.no
Jonas Lies vei 91
5009Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.