A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen HF i Straume søkjer psykologspesialist til døgnseksjon ved Øyane DPS med 100% stilling. Stillinga legg vekt på psykologisk behandling, miljøterapi og tverrfagleg samarbeid internt og med poliklinikk/FACT.
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på pasienttryggleik, høg kvalitet i pasientarbeidet og kompetanseutvikling. Løn etter avtale, særpensjonsordningar og gode forsikringsordningar vert tilbydd.
Ønsker du å vere ein del av eit sterkt fagmiljø på ein døgnseksjon der pasientbehandling står i sentrum?
Ved psykose døgnbehandling på Øyane DPS har vi ledig 100% fast stilling som psykolog. Oppfordrar også psykologspesialistar til å søke.
Seksjonen er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoselidingar. Seksjonen har 8 sengeplassar. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnarar for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga.
Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne omgivnadar på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.
Øyane DPS består av:
*Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team
* Allmenn døgnseksjon med 8 senger
*Psykose døgnseksjon med 8 senger
* Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.
Er du ein psykolog (psykologspesialist) som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet, har engasjement for pasientar med psykiske lidingar og liker å jobbe saman med kollegaer til å skape eit trygt og utviklande arbeidsmiljø? Då håper vi du vil søke på denne stillinga.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Benedicte Skagen Tiset, Seksjonsleiar, 56326669
Blombakkane 75
5354 Straume
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5195915929
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026