Overlege/spesialist i psykiatri

Lars Onsrud

Bergen

On-site

NOK 650,000 - 850,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Job summary

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter i Bergen søker ein psykiater med medisinansvar i seksjonen for gruppebehandling. Stillinga er 50% fast og gir moglegheit til å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og delta i både gruppe- og individualterapi.

Seksjonen tilbyr polikliniske gruppetilbod med integrativ tilnærming, og har kompetente kollegaer som bidrar til eit stimulerande arbeidsmiljø. Søkjar må ha norsk autorisasjon og vere interesserte i personlegdomspsykiatri.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som lege er påkrevd.
  • Godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri.
  • Erfaring med pasientgruppa og kjennskap til gruppebehandling.
  • Kjennskap til mentaliseringsbasert terapi.
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Medisinskfagleg ansvar i seksjonen.
  • Utgreiing, vurdering og behandling av tilviste pasientar.
  • Vere behandlar både individuelt og i gruppe.
  • Indirekte spesialistansvar.
  • Deltaking i den faglege utviklinga av seksjonen.

Skills

Fleksibel
Samarbeidsvilje
Løsningsorientert
Nysgjerrig og open holdning

Education

Norsk autorisasjon som lege
Spesialist i vaksenpsykiatri (godkjend eller snart godkjend)
Forskningskompetanse

Job description

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist.

Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiatri og gruppeterapi? Ønskjer du å vere ein del av eit sterkt terapeutisk og fagleg fellesskap?

Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og mangfaldig behandlingstilbod, og vi arbeider kontinuerleg for å tilby differensierte behandlingstilbod som møter behova til pasientane og klinikken.

Vi har no ledig ei 50% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga gir moglegheit til å vere med på å videreutvikle eit sterkt fagmiljø og bli ein del av det veksande psykiaterfellesskapet ved Kronstad DPS.

Om seksjonen
Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe med ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar.
Vi tilbyr psykoterapeutiske gruppetilbod av varierande lengd for pasientar med samansette psykiske vanskar. Utgreiing av pasientar er òg ei sentral oppgåve i seksjonen. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angstlidingar, depresjon og livskriser. Ved behov tilbyr vi individuell oppfølging som del av behandlingsforløpet. Seksjonen tilbyr mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, og har i tillegg eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk.

HIT-høgintensiv trening som terapi er også ein del av korttidstilbodet ved gruppeseksjonen

Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, er allsidig og fleksibel i si tilnærming til behandling, og positiv til å delta i både gruppe- og individualterapi.Søkjaren sin kompetanse, erfaring og interesseområde vil kunne påverke innhaldet i stillinga. På sikt kan det òg vere aktuelt å etablere LIS-stilling i seksjonen.

Fagmiljø og utviklingsmoglegheiter
Seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsretta og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Vi deltek i forskingssamarbeid gjennom Nettverk for personlegdomsforstyrringar, eit nasjonalt nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.

Oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver
  • Medisinskfagleg ansvar i seksjonen
  • Utgreiing, vurdering og behandling av tilviste pasientar
  • Vere behandlar både individuelt og i gruppe
  • Indirekte spesialistansvar
  • Deltaking i den faglege utviklinga av seksjonen
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri
  • Erfaring med pasientgruppa
  • Kjennskap til gruppeterapi
  • Kjennskap til mentaliseringsbasert terapi
  • Forskningskompetanse og ønskje om å støtte opp om eksisterande forskingssamarbeid i nemnde forskingsnettverk vil telje positivt.
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Søkjar bør vere i stand til å ta i bruk nye metodar og ha ei open og nysgjerrig haldning til nye utfordringar
  • Søkjar bør vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Vi tilbyr
  • Arbeid i høgt kvalifisert fagmiljø med psykologspesialistar, psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, spesialiserte fysioterapeutar og ergoterapeutar, sosionom, erfaringskonsulent, IPS konsulent m.m.
  • Vi har tverrfagleg teamarbeid som i praksis fungerer svært bra
  • Eit miljø med høg kompetanse innan gruppereapeutiske behandlingsmetodar
  • Engasjerte medarbeiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø og utfordarande arbeidsoppgåver i ein spesiell og spennande seksjon
  • Opplæring blir gitt etter behov
Kontaktinformasjon

Eirik Hjermann,Psykologspesialist,55956132
Lars Onsrud,Klinikkoverlege,91728580

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 36
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5189467425
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Overlege/spesialist i psykiatri
Overlege/spesialist i psykiatri

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS)/ Kronstad Seksjon for gruppebehandling, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 500,000 - 750,000
Overlege/spesialist i psykiatri
Overlege/spesialist i psykiatri

Helse Stavanger • Bergen

Hybrid
NOK 650,000 - 900,000
Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester
Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester

Gunnhild Karlsen Stien • Bergen

On-site
NOK 750,000 - 930,000
Forskningsmuligheter
Gode pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Pleieassistent på helg, 4 kvar helg med langvakter
Pleieassistent på helg, 4 kvar helg med langvakter

Charlotte Sunde • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Opplæring og rettleiing
Kurs i MAP (aggressjonsproblematikk)
Gode pensjons- og forsikringsordningar
+1
Spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar
Spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 580,000 - 660,000
Overenskomstlønn
Triveleg arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
+1
Psykolog
Psykolog

Katinka Eggen • Sandnes

On-site
NOK 700,000 - 800,000
Faglig vekst/utdanning/kurs
Veiledning
Godt psykososialt arbeidsmiljø
+5
Spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar
Spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar

Urd Hege Loftesnes • Bergen

On-site
NOK 600,000 - 720,000
Triveleg arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
Personleg utvikling
Regional sikkerheitsavdeling søker sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i rus og psykiatri til 80% fast stilling på natt
Regional sikkerheitsavdeling søker sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i rus og psykiatri til 80% fast stilling på natt

Bente Baug Grey • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 540,000
15 000 kroner pr år i særtillegg
Grundig opplæring
Kompetanseutvikling i fagdagar og kurs
+2
Psykolog
Psykolog

Maria Oppigård Nilssen • Molde

On-site
NOK 650,000 - 800,000
Inkluderende arbeidsplass
Rekrutteringstillegg for psykologar og
Spesialisering og fagutvikling
+5
Vikariat for psykolog
Vikariat for psykolog

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), BUP Ytrebygda, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 680,000 - 800,000
Triveleg arbeidsmiljø
Støtte til fagleg utvikling
Forlengingsmoglegheit