Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) / Kronstad Seksjon for gruppebehandling i Bergen søker ein psykiater med medisinansvar. Stillinga er 50% fast og gir moglegheit til å bidra til eit sterkt fagmiljø og utvikle LIS-stilling ved behov.
Seksjonen tilbyr polikliniske gruppebehandlingar med integrativ tilnærming. Detaljar om pasientar og forskingssamarbeid blir prioritert i rekrutteringa. Oppstart etter nærare avtale, med 50% stilling.
Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiatri og gruppeterapi? Ønskjer du å vere ein del av eit sterkt terapeutisk og fagleg fellesskap?
Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og mangfaldig behandlingstilbod, og vi arbeider kontinuerleg for å tilby differensierte behandlingstilbod som møter behova til pasientane og klinikken.
Vi har no ledig ei 50% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga gir moglegheit til å vere med på å videreutvikle eit sterkt fagmiljø og bli ein del av det veksande psykiaterfellesskapet ved Kronstad DPS.
Om seksjonen
Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe med ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar.
Vi tilbyr psykoterapeutiske gruppetilbod av varierande lengd for pasientar med samansette psykiske vanskar. Utgreiing av pasientar er òg ei sentral oppgåve i seksjonen. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angstlidingar, depresjon og livskriser. Ved behov tilbyr vi individuell oppfølging som del av behandlingsforløpet. Seksjonen tilbyr mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, og har i tillegg eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk.
HIT-høgintensiv trening som terapi er også ein del av korttidstilbodet ved gruppeseksjonen
Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, er allsidig og fleksibel i si tilnærming til behandling, og positiv til å delta i både gruppe- og individualterapi.Søkjaren sin kompetanse, erfaring og interesseområde vil kunne påvirke innhaldet i stillinga. På sikt kan det òg vere aktuelt å etablere LIS-stilling i seksjonen.
Fagmiljø og utviklingsmoglegheiter
Seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsretta og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Vi deltek i forskingssamarbeid gjennom Nettverk for personlegdomsforstyrringar, eit nasjonalt nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist.
Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiatri og gruppeterapi? Ønskjer du å vere ein del av eit sterkt terapeutisk og fagleg fellesskap?
Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og mangfaldig behandlingstilbod, og vi arbeider kontinuerleg for å tilby differensierte behandlingstilbod som møter behova til pasientane og klinikken.
Vi har no ledig ei 50% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga gir moglegheit til å vere med på å videreutvikle eit sterkt fagmiljø og bli ein del av det veksande psykiaterfellesskapet ved Kronstad DPS.
Om seksjonen
Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe med ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar.
Vi tilbyr psykoterapeutiske gruppetilbod av varierande lengd for pasientar med samansette psykiske vanskar. Utgreiing av pasientar er òg ei sentral oppgåve i seksjonen. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angstlidingar, depresjon og livskriser. Ved behov tilbyr vi individuell oppfølging som del av behandlingsforløpet. Seksjonen tilbyr mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, og har i tillegg eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk.
HIT-høgintensiv trening som terapi er også ein del av korttidstilbodet ved gruppeseksjonen
Kven søkjer vi?
Vi søkjer ein psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, er allsidig og fleksibel i si tilnærming til behandling, og positiv til å delta i både gruppe- og individualterapi.Søkjaren sin kompetanse, erfaring og interesseområde vil kunne påvirke innhaldet i stillinga. På sikt kan det òg vere aktuelt å etablere LIS-stilling i seksjonen.
Fagmiljø og utviklingsmoglegheiter
Seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsretta og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Vi deltek i forskingssamarbeid gjennom Nettverk for personlegdomsforstyrringar, eit nasjonalt nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg.
Oppstart etter nærare avtale.
Eirik Hjermann,Psykologspesialist,55956132
Lars Onsrud,Klinikkoverlege,91728580
Fjøsangerveien 36
5053Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5189467425
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Eirik Hjermann
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Kronstad DPS/ Kronstad allmenn døgnbehandling, Helse Bergen HF